Som alle andre i bloggverdenen, har eg også laga knekkebrød. Ikkje spesielt orginalt, men veldig godt. Eg fekk oppskrifta frå mi kjære mor for ei stund sida, og har laga dei fleire gonger. Det eg likar best med desse knekkebrøda er at dei er sunne og mettande.
Etter å ha ete eit veldig godt nanbrød på ein indisk restaurant i Bergen, fant eg og Reidar ut at vi hadde lyst å prøve og lage det sjølv. Sånn vart det:
Eg har hatt litt helgefølelse i dag. Det er mulig det kjem av at eg i dag hadde første og siste skuledag denne veka. Så eg fant ut at eg ville lage muffins, sida det nesten er helg. Dessutan føler eg at den nye kjøkkenmaskina mi ikkje berre kan stå til pynt, noko som føre til at eg alltid har ein unnskyldning for å bake;)
Eg har laga sjokolademuffins med smørkrem. Til pynt har eg brukt perlepulver med gullfarge og ikkje minst sjølvplukka(nesten, er vel eigentleg bestemor som har plukka dei) bringebær frå Feios i Sogn.