søndag 28. februar 2010

"Fastelaven, morsdag og valentines"-helg i Feios

Denne helga tilbrakte eg og Reidar i Feios hos bestemor. Mamma, Robert og Daniel kom også. Vi hadde supert vær og var så heldige å ha eigen skibakke nedanfor huset:

Bestemor hadde baka og laga til fastelavensbolla. Dei var veldig gode, ingen lagar så gode bollar som ho:

Istaden for å bruke tid på å lage kort, brukte eg heller tid på å lage morsdagsgåve til mamma (som eg gløymt å ta bilde av). Eg fekk tid til å lage eit enkelt kort, det vart sånn:

onsdag 10. februar 2010

Muffins

Eg har hatt litt helgefølelse i dag. Det er mulig det kjem av at eg i dag hadde første og siste skuledag denne veka. Så eg fant ut at eg ville lage muffins, sida det nesten er helg. Dessutan føler eg at den nye kjøkkenmaskina mi ikkje berre kan stå til pynt, noko som føre til at eg alltid har ein unnskyldning for å bake;)

Eg har laga sjokolademuffins med smørkrem. Til pynt har eg brukt perlepulver med gullfarge og ikkje minst sjølvplukka(nesten, er vel eigentleg bestemor som har plukka dei) bringebær frå Feios i Sogn.




onsdag 3. februar 2010

Baking


Etter at eg fekk kjøkkenmaskin til jul har det vore ekstra gøy å bake. I helga prøvde Reidar ut Robert sin oppskrift på brød og aioli. Brødet innehelder mykje godt, som for eksempel tørka tomater. Det var mykje kvitløk i ailoien, men det var berre godt. Så vi var begge fornøgd med resultatet=)

1.stk stolt bakar.