søndag 11. juli 2010

Utfordring # 11 hos Scrappekammeret


Her er mitt bidrag til skisseutfordringa hos Scrappekammeret. Som regel når eg laga kort går det i bruntonar, så denne gangen har eg prøvd å utfordre meg sjølv litt å lage eit med meir fargar.

fredag 9. juli 2010

Magnolia!

Eg har alltid vore glad i magnoliastempel, og spesielt dei nyaste. Dei syns eg er veldig fine! Heldig som eg er fekk eg låne ein heil vekse full av nydelige magnoliastempel av noboen vår Astrid (tusen takk!). Så no har eg stempla opp mange flotte stempel som eg gledar meg til å laga kort med. Eg klarte ikkje vente med å fargelegge nokre av dei. Her er tre stempel som raskt vart favorittar:



mandag 5. juli 2010

Julikonkurranse hos StampARTic

Eg kom over ein gøy konkurranse hos StampARTic som eg har lyst å bli med på. Ein skal ta utgangspunkt i denne skissa:

Og her er mitt bidrag:

mandag 28. juni 2010

Knekkebrød

Som alle andre i bloggverdenen, har eg også laga knekkebrød. Ikkje spesielt orginalt, men veldig godt. Eg fekk oppskrifta frå mi kjære mor for ei stund sida, og har laga dei fleire gonger. Det eg likar best med desse knekkebrøda er at dei er sunne og mettande.



Brunost og banan er det eg syns er best på:

mandag 21. juni 2010

Nanbrød med dipp

Etter å ha ete eit veldig godt nanbrød på ein indisk restaurant i Bergen, fant eg og Reidar ut at vi hadde lyst å prøve og lage det sjølv. Sånn vart det:


Vi syns begge to at det vart ganske så godt =)

fredag 4. juni 2010

Bryllupskort

Eg har brukt starten av sommerferien min på å lage kort. Det er noko eg ikkje har tatt med tid til under eksamensperioden, men no kan eg lage det med god samvittighet=)
Sommer er tid for bryllup, derfor har eg laga ein del bryllupskort. Her er to av dei:


fredag 19. mars 2010

Vårrullar

Med hjelp frå Robert lærte eg og Reidar å lage vårrullar i vinterferien. Det var faktisk overraskande enkelt, og så vart dei veldig gode også=)


Full konsentrasjon:


Ferdig pakka og klare til frityren:


Klare:

torsdag 18. mars 2010

Kakesal

Må nesten skryte litt av klassen min, fordi vi klarte å samle inn over 13 000 kr på kakesal. Alle pengane gjekk til Redd Barna sitt arbeid på Haiti=)


søndag 28. februar 2010

"Fastelaven, morsdag og valentines"-helg i Feios

Denne helga tilbrakte eg og Reidar i Feios hos bestemor. Mamma, Robert og Daniel kom også. Vi hadde supert vær og var så heldige å ha eigen skibakke nedanfor huset:

Bestemor hadde baka og laga til fastelavensbolla. Dei var veldig gode, ingen lagar så gode bollar som ho:

Istaden for å bruke tid på å lage kort, brukte eg heller tid på å lage morsdagsgåve til mamma (som eg gløymt å ta bilde av). Eg fekk tid til å lage eit enkelt kort, det vart sånn:

onsdag 10. februar 2010

Muffins

Eg har hatt litt helgefølelse i dag. Det er mulig det kjem av at eg i dag hadde første og siste skuledag denne veka. Så eg fant ut at eg ville lage muffins, sida det nesten er helg. Dessutan føler eg at den nye kjøkkenmaskina mi ikkje berre kan stå til pynt, noko som føre til at eg alltid har ein unnskyldning for å bake;)

Eg har laga sjokolademuffins med smørkrem. Til pynt har eg brukt perlepulver med gullfarge og ikkje minst sjølvplukka(nesten, er vel eigentleg bestemor som har plukka dei) bringebær frå Feios i Sogn.




onsdag 3. februar 2010

Baking


Etter at eg fekk kjøkkenmaskin til jul har det vore ekstra gøy å bake. I helga prøvde Reidar ut Robert sin oppskrift på brød og aioli. Brødet innehelder mykje godt, som for eksempel tørka tomater. Det var mykje kvitløk i ailoien, men det var berre godt. Så vi var begge fornøgd med resultatet=)

1.stk stolt bakar.

onsdag 13. januar 2010

Meir julegåver


Eg ville lage noko nytt til Siv Iren, noko som eg ikkje har laga før. Så ho fekk ei skriveboke med blanke ark. Framsida har eg pynta med ark og stempel.

onsdag 6. januar 2010

Julekort og julegåver

To enkle kort eg laga til Margrete og Sunniva til jul.
Dei fekk også kvar sitt handlenett.