fredag 4. september 2009

Oppussing

Det heile starta med at eg eg drog med meg ein stajonær PC heim til Førde. Til den trengte eg ein liten pult. Eg drog på jysk (siden bohus ikkje hadde) og kjøpte den minste pulten eg kunne finne. Eg likte ikkje fargen så fant ut at eg skulle male pulten kvit. Så kunne eg kjøpe hyller som passa til. Etter at dette var handla inn fant eg ut at kvite møbler ikkje var så fint til heil lyse veggar. Så då ville eg male veggane. Men rommet mitt trengte jo egentlig ikkje ein oppussing, så dirfor bytta eg rom med Andreas(håper det var greit for han). Etter at eg hadde fått alle med på planen min begynte vi å male. Eg vart fornøgd med veggane, etter nokre timar med blanding av farge(hadde med meg ein del prøveboksar heim), og fekk til slutt flytta inn alle møblane mine. Då var det berre eit problem. Dataen passa ikkje inn. Så no står den nedpakka i skapet. Kanskje like greit. Fekk uansett eit nytt og fint rom, så det er eg nøgd med! =)


FØR:
(Nesten før; mamma hadde alt malt vindaugskarmen før eg rakk å hente kamera)

ETTER:

2 kommentarer: